Toolbar

Kulturstien

Færvollane

Då arkeologen Per Fett kom hit i 1943, fann han om lag 150 gravrøyser på Færvollane. Desse vart ikkje undersøkt nærmare, men han laga ei oversikt over dei gravene som vart funne. Fleire år seinare vart ei av røysene grave ut. Per Fett fann då to gravkister bygd av stein med steinheller til lokk, men fann ingen gjenstandar.

Strandgravefelt var mest vanleg i perioden 300 – 600 e. Kr. Fleirtalet av røysene på Færvollane er runde, og varierer i storleik frå 3–4 meter til 12-15 meter i diameter. Om lag ti av gravrøysene er såkalla langrøyser. Dei tre største har fotkjede og er 12 meter i tverrmål, om lag 1 meter høge. Den største konsentrasjonen består av 75 røyser. I tillegg er det bygd ein steinring med ytre tverrmål på 10 meter og ein 2 meter høg steinblokk står i sjølve ringen. Er dette ein offerstad eller ein tingstad ?

Undersøkingar andre stadar i Noreg synar at langrøysar vart bygd frå 300-talet og fram til vikingtid. Plasseringa av strandgravfelt i strandkanten syner kor viktig havet og sjøvegen har vore. Røysane er framleis godt synlege, sjølv om attgroing er eit aukande problem.

 

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media