Toolbar

Kulturstien

Gylta - Sildegjelet - Ramnen

Den bergveggen som stikk lengst ut i sjøen eit lite stykke utanfor her heiter Gylta. Like utanfor Gylta går det inn ei djup kløft som kallast Sildegjelet. Kløfta er breiare i botnen enn øvst. Havbåra kan gå inn gjennom gjelet med bulder og brak. For lang tid sidan gjekk silda opp i Sildegjelet. Då rodde Rønstad karane ut og stengde opninga med eit garn, men korleis dei fekk tak i silda veit ingen noko om.

Ved opninga til Sildegjelet er det ei stor jettegryte som på finevers dagar kan brukast til symjebasseng.  Det svarte skjeret med fyrlykta på kallast Ramnen.

 

 

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media