Toolbar
30 jan 2015

Lepsøy sanitetsforening vart starta i Olegarden på Farstad januar 1923. Kvinnene som var samla var Olga Farstad (Pål-Olga), Emma Mittet Farstad (Nyheims-Emma). Dei andre var Ole-Aslaug, Ole-Borghild, Gabriel-Gina, Geile-Gunvor og Sjur-Ragnhild,- alle med Farstad til etternamn.

Norske Kvnner Sanitetsforening var ein av dei eldste og største kvinneorganisasjon i Norge. Arbeidet var knytta til betring av levekåra for kvinner og born.

Oppstarten av foreninga på Lepsøya kom i ei tid då tuberkulosae, revmatisme og kreft ramma mange. Dei hadde som målsetting å gi gode helsetilbud og fremme opplysningsvirksomheita og haldningsskapande arbeid ved gjennomføring av praktiske tiltak.  Lepsøy sanitetsforening hadde mange jern i elden og arbeidde kontinuerleg med å skaffe til veie og samle inn midler og utstyr som kom til gode for innbyggjarane på øya.  Dei var med å starta opp med spebarnskontroll og heldt møter og kurs om ernæring og vaksinasjon. Dei skaffa og midler til forskning og til tilsetting av  husmorvikar. Foreninga var eit viktig bindeledd mellom legar og helsesøster og andre etatar innan helse i kommune og fylke.

Sjølv om mykje av engasjementet og arbeidet kom Lepsøya til gode, var dei og er framleis i dag, forplikta  til å arbeide i henhold til organisasjonens vedtekter og planar frå overordnede nivåer.

Det sosiale samværet og fellesskapet har sjølvsagt vore ei viktig drivkraft for mange i sanitetsforeninga på Lepsøya. Ei tid då dei fleste av kvinnene hadde mennene sine på sjøen,  måtte kvinnene vere heime med  borna og som regel hadde dei "fjøsstellet" i tillegg . Det mest praktiske var sjølsagt då å halde forening kvar sin gong heime hos seg. Dette vart for mange ei triveleg stund og avveksling i kvardagen. Talet på medlemmer har variert gjennom åra og i skrivande stund er det  20 medlemmer. Om nokon har lyst å vere med i sanitetsforeninga, er dei hjarteleg velkomne.

Kvinnene i Lepsøy sanitetsforening har vore sterke med eit enormt engasjement. Dugnadsånda har heller ikkje dovna og kvinnene står forsatt  på med same engasjementet. Utfordringane endrar seg i takt med samfunnet som er i rask utvikling.  Men med same klokskap og innsikt er dei fortsatt med og støttar opp mot aktuelle helse- og velferdsformål på Lepsøya og viktige organisasjoner elles. Ganske sikkert vil sanitetskvinnene stadig møte nye velferdsordningar i framtida,- ei utfordring og arbeid som betyr mykje  lokalt og sentralt i samfunnet vårt.

 

Lepsøy sanitetsforening. Frå stemnemøte på Stranda.

 

Det er klart for den årlege basaren og mykje må på plass

 Klart for den årlege basaren og mykje må på plass.

Dyktige kvinner som lagar mykje fint handarbeid. Heldige dei som vinn.

 

Ikkje noko er tilfeldig. Viktig med godt samarbeid og alt må vere korrekt.

 

Det kan vere greitt med litt hjelp frå mannfolka når bord og stolar skal på plass.

 

Mange er alt på plass og har sikra seg årer. Ein må vere tidleg ute skal ein få årer. Ikkje alle kan vinne, men ein støttar ei god sak og mange synest basar er kjekt, kose seg med kaffi og kaker rundt bordet  og det sosiale kan vere minst like viktig som det å vinne.

 

Kaffi og kaker er viktige innslag når det er basar.

 

Mykje fint handarbeid å vinne. Heimelaga alt i hop.

 

Sanitetshuset stod ferdig hausten 1964. Ein stor innsats vart gjort for å få opp huset. Pengeinnsamlinger og lån måtte til. Ei gåve på 10.000,- vart gitt frå hovedkontoret i Oslo. Alle måtte bidra. Det vart halde basarer, tombola, sal av julemerke, maiblomar, fastelavensris med meir.
I dag er det hovedkontoret som eig sanitetshuset, men det er Lepsøy sanitetsforening som driv huset. Lepsøy sanitetsforening held blandt anna sine møter her,- ein gong i månaden.

 

Rangere denne artiklen
(0 stemmer)
Mer i denne kategorien: « Skattekiste Marinemaleren »

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010