Toolbar
31 jan 2015

Turskiltprosjektet er ei nasjonal satsing i samarbeid mellom fylkeskommunen og Gjendsidigestiftelsen.

Bo ved havet og fjelltrimgruppa i Lepsøy Idrettslag har lenge samarbeidd om felles mål for utbetringar og oppgradering av turløypene rundt om på øya. På idé-dugnaden til Bo ved havet hausten 2012, der vi delte oss opp i grupper, kom det mange gode forslag om korleis vi skulle utvikle oss vidare. Mange såg gjerne at turstiane vart graderte og merka etter vanskegrad.

Dette endte opp i fleire møter mellom kommunen og andre idrettslag som då vart enige om standaren. Vi søkte Gjensidigestiftelsen om midlar og delte potten. Dette resulterte i at øya no har fått nye turskilt merka med vanskegrad.

Etter avtale med Bo ved havet, tok Haram industrier seg av produksjonen og laga skilta ferdige og klare til å setjast opp. Dugnadsånda kom fram, og sterke ryggar måtte til for å få på plass alle skilta.

Det er ei eiga nemd for fjelltrimmen på øya, og i år er det er klart for friluftsåret 2015. Målet er å få folk ut på tur oftare. Med slike flotte turstiar som det no har blitt på øya, er det ingen grunn for ikkje kome seg ut, og det like utanfor stovedøra. Vi har ein flott natur som vi respekterer og tek vare på.

Dei fleste av turstiane møtest og er lagt opp slik at ein ikkje treng gå same turen tilbake.

Grønt merke betyr: lett tur. Blått merke betyr: middels. Raudt merke: betyr: vanskeleg (nokre parti på stien).

 

Barnehagen har også vore med på å gjere turstiane meir interessante. Eit spanande innslag av Bukkene Bruse over brua på veg til Dyringane. Ein kan sjå trollet under brua. 

 

Om ein ikkje har lyst å gå på fjellet, kan ein velgje sykkelen og sykle til Sæth (ca 3,5 km frå ferjekaia). Attmed Sætsdemma, er det ein flott gapahuk som alle som vil kan bruke heilt gratis. Ein kan også låne kano og robåt, om ein vil. Om vinteren når det frys is på Demma, er det glimrande forhold til skøyteis. På slike dagar blir gapahuken mykje brukt av både store og små til grilling, vaffelsteiking og kaffikos.

 

 

Rangere denne artiklen
(0 stemmer)
Mer i denne kategorien: « Ramslauk i Sjøhellaren

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010