Toolbar
06 mai 2015

Det nærmar seg 17. mai og  komiteen held på i desse dagar med siste fin-justeringane for at det også i år skal bli eit vellukka arrangement for alle som vil vere med på å feire dagen. Kvart år blir det val av ny komité på 40 personar. Vi har festkomité, utekomité og matkomité. Alle er med på frivilleg basis, og alderen er frå 15 til nærmare 80 år. Det kan gå fire år til neste gang du blir med i komiteen.

Feiringa går føre seg på tradisjonelt vis på Lepsøy skule og samfunnshus. Det er få som held seg heime denne dagen. Folketoget startar på gravplassen kl. 12.00 og går til skulen. Lepsøy skulekorps går i spissen, så kjem skuleborna og resten av øyfolket. Ein og anna russ kan ein også få auge på i folke-mylderet. Kvart år blir det lagt ned krans på bautaen til minne om alle bortkomne fiskarar og sjømenn frå Lepsøya. I år er det Anita Hawkes som har takka ja til dette oppdraget. UL samhald legg ned krans på krigsgrava til Harald Lausund, som var den fyrste soldaten frå Haram som mista livet under 2. verdenskrig, berre 22 år gammal.

 

Bilete frå gravplassen på Kjerstad.

 

Det er eit flott syn nå folketoget kjem med skulekorpset i spissen og svinger ned mot skuleplassen. Marsjar og nasjonalsongar med hurrarop høyrer med på ein slik dag. Kl. 13.00 er det laga til diverse leikar og konkurransar på skuleplassen. Både dei små og store er med. Ute er det oppsett boder der ein kan få kjøpe is og pølse.

 

Kjekt å vere born på 17. mai.

 

Fin ungdom med 17. maisløyfe på. Godt å kvile mellom slaga.

 

Inne er alle rom gjort om til kafé. Her kan du få kjøpe smørbrød og salatar, kaffi og kaker på ekte sunnmørsk vis,- i rikt monn. Dette er ei triveleg stund for mange. Treffe kjentfolk kose seg i lag og prate med folk. Her er tre damer i sin finaste stas klare for folkefesten. Kvart år er det laga til utstilling inne i salen. Temaet varierer frå år til år. I år har komitéen bestemt det skal vere utstilling av gjenstander av eldre dato, der ein kan vere med å tippe på kva dette er. Premie til vinnaren. Vi har tenkt å supplere utstillinga med bilete og utstyr frå brannvernet på øya før og no.

          Folkefesten startar kl. 16.00. Lepsøy skulekorps spelar m/dirigent Slavey Stoyanov. Det blir premieutdeling, song og musikk. Festtalar i år er Benedikte Hellevik.

 

Natursti er populært, og har etterkvart blitt ein tradisjon vi må ha på 17. mai.

 

Eitt av høgdepunkta på 17. mai. Stort utval av alle slag kaker.

 

Er vêret fint, lagar vi til småbord i kråa ute. Kjekt å treffe folk og slå av ein prat.

 

Komitéen har full oversikt, og alt har gått som smurt til no. Neste år er det nye folk som skal lage fest på 17.mai.

 

 

 

Rangere denne artiklen
(0 stemmer)

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010