Toolbar
12 des 2015

Moenbuda vart bygd i 1934, og det var her Ivar Moen vaks opp. Ivar var einebarn.  Mora var Nikoline Farstad, som kom frå Arnegarden på Lepsøya. Faren var Olav Moen og kom  frå Fræna. Olav var skomakar, og han både laga og reparerte sko og hadde verkstaden sin i kjellaren. I starten selde dei alt muleg frå knappar til reiskap, men i 1947 fekk dei løyve til å handle med mat og drikke og vart dermed  kolonialbutikk. Det var i hovudsak Nikoline (Nikka) som dreiv butikken. Ivar tok over og dreiv butikken etter Nikka. I ettertid viser protokoller og dokument at Ivar var ein dyktig rekneskapshaldar som held god kontroll på tall og innføring.

I 1957 kjøpte Ivar sin fyrste bil,- ein Peugeot som han betalte 13.000 kr for. Dette vart den fyrste drosja på øya. Bilen vart og brukt som båretransport og til å frakte varer i. Ivar dreiv butikken og fungerte som drosjesjåfør i tillegg, fram  til helsa svikta på slutten av 1900-talet.

Ivar var medlem av Lepsøy småbåtforening og hadde stor interesse og glede av å vere med på utviklinga av småbåthamna. Han hadde båt og likte å følgje med på båtlivet og livet i hamna.

Ivar Moen bar preg av livet han levde. Han var nøysom og reparerte heller enn å kjøpe nytt. Han kasta aldri noko han kunne få bruk for. Ivar hadde god greie på kor alle varer stod, og han tok godt vare på tinga sine. Slik gjekk det til at både butikk og lager etter kvart vart meir som eit historisk museum.  Ingenting har blitt endra eller modernisert  i butikken.  I dag gir det mange ei merkeleg kjensle av å kome inn i ei anna tid, når ein kjem inn i butikken eller inn på lageret. Alt står på plassen sin slik det alltid hadde gjort.

Siste åra budde Ivar på Haram omsorgssenter, der han døydde hausten 2015. Han testamenterte alt han eigde til bedehuset og Lepsøy småbåtforening. Alle synest det er veldig flott gjort at Ivar valde å gi arva si til lokale føremål på øya.

 

 Ivar Moen. Fotografert på Haram kvileheim.

 

 I ei krå i kjellaren står alt skomakarutstyret slik det ein gong stod.

 

 Eit klenodium i dag. Mange hugsar godt alle knappane ein kunne få kjøpe i butikken. Stort utval.

 Den 7. november var det auksjon på Moen sitt dødsbo. Ein kunne by på mange interessante ting. Ein traktor, campingtilhengar, plenklippar, kjerrer og diverse.

 Særleg mannfolka viste stor interesse for traktoren frå 1947.

 

 Spanande med auksjonar,- og er slett ikkje kvardagskost på Lepsøya. Som vanleg stiller lepsøyingane opp når det skjer på øya.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Rangere denne artiklen
(0 stemmer)

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010