Toolbar
12 mai 2014

DEN UTRULEGE REISA TIL ELISABETH (BETTY) MOUAT

Denne hendinga går snart 130 år attende i tid, og handlar om ei kvinne som heilt ufrivillig, og på mirakuløst vis kom over havet frå Shetland til Lepsøya på Sunnmørskysten.

Betty Mouat kom til verda i 1825 i landsbyen Levenwich på Sør-Shetland. Faren var eigentleg skomakar, men drog ofte på fiske for å auke inntekta. Dette vart også skjebna hans, då han kom vekk under kvalfangst ved Aust–Grønland. Mora gifta seg opp att med ein småbrukar og fiskar, Thomas Hay. Her kom også halvbroren til Betty, James Hay til livs. Betty gifta seg aldri og livnærte seg som hushjelp. Dette var ofte hardt arbeid med onnearbeid, stell av husdyra og torvtaking. Tilleggsinntekter fekk ho, som andre kvinner, av strikkearbeid. Som 56 åring skada Betty foten stygt då ho fall av hestevogna og fekk eine foten under vognhjulet. Fire år seinare fekk ho slag og mista noko av rørsla i den eine sida, noko som forverra tilstanden til foten ytterligare. Då ho skulle til doktor, og samtidig selje strikkearbeid for nabokvinnene, utgjer bakteppet for at ho la ut på reise 30. januar 1886. Ho reiste med båten Columbine, ein 50 fots hurtigseglar som gjekk i rute mellom Sør- Shetland og Lerwick. Det var berre kapteinen, styrmannen, ein matros og Betty som la ut på ferda denne dagen. I utgangspunktet ville ikkje kaptein James Jamison ha med seg kvinner i det stygge veret, men ettersom dei var i slekt, og han visste at ho skulle til doktor, fekk ho vere med.

Ulykka hende kort tid etter at båten hadde forlete hamna, ved at storseglskøytet rauk. Då styrmannen og kapteinen prøvde å få inn eit nytt, vart dei slått over bord av bommen. Styrmannen greidde å kome seg om bord att, og dei fekk båten opp mot vinden. For å redde kapteinen vart lettbåten sett på sjøen, og styrmannen og matrosen rodde ut etter han. Dei greidde ikkje berge han og måtte gje opp og prøve å komme seg tilbake til Columbine. I det dårlege veret var det høg sjø, noko som medførte at karane i lettbåten ikkje hadde anna val enn å ro til land for å hente hjelp. Betty Mouat var no hjelpelaus og åleine om bord på Columbine. og båten driev vekk utan nokon ved roret. Rederiet fekk melding etter ein time, og reiaren, John Bruce, utlova bergingsløn. Men det var ikkje større båtar der som kunne dra ut for å hjelpe, og mørkna gjorde det og. Etterkvart kom det større båtar til, og i to dagar vart det leita etter Columbine før leiteaksjonen vart innstilt. Leitemannskapet rekna med at Columbine hadde gått ned i uveret, men John Bruce nekta å gi opp. Han telegraferte til den britiske konsulen i Stavanger og bad han oppmode norske fiskarar og losar langs norskekysten om å vere på utkik etter skuta. Han kom med tilbod om 10 pund i bergingsløn til den som berga Betty Mouat.

Åleine på ei seglskute utan styring var situasjonen kritisk for Betty, og ho var tidleg klar over dette. Etter kvart vart ho også innestengd, då leideren datt ned og blokkerte tilhaldstad hennar, ein trong lugar framme i båten. Kanskje dette var eit lykketreff likevel, ein kan tenkje seg kva som ville ha skjedd dersom ho hadde gått opp på dekk på leiting etter mat og klede. Columbine. I den høge sjøgangen og med ingen til å styre, slingra båten kraftig og konstant. For å unngå at Betty vart kasta hit og dit, måtte ho surre seg fast i nokre tau som hang frå taket i lugaren. Betty hadde teke med seg mat for ei reise på tre dagar, – ein liter mjølk og to kjeks. Ho forstod ho var i vanskar og rasjonerte på det vesle ho hadde. Ho fann fyrstikker og ein lampe som ho klarde å tenne. Ho fann og ei sjømannstrøye som ho tok på seg.

Etter seks dagar på sjøen løya vinden noko. Betty klatra opp på ei kiste og såg ut. Då kunne ho sjå land og snøkvite fjell. Men så vart storseglet fylt og båten drog vekk frå land att. Etter ni dagar, i mørkret kring midnatt, skrapa båten nedpå ei grunne. Då morgonen kom, såg ho land ikkje langt vekk. Medan ho såg på, tok ein sjø tak i skuta og ho vart ført heilt inn til land.

Samtidig på Lepsøya gjekk Johan Erikson Rekdal og venta på betre fiskever. Han var ute og rodde fiske hjå Bernt Rønstad Han har fortalt at han hadde ein draum om at han fann eit skrin ut i Rønstadfjøra. Denne dagen, 7. februar, fekk han med seg ein annan som rodde fiske der, Paul Hestholm, ut i fjøra. Dei tok med seg gevær slik at dei kunne skyte fugl om dei såg nokon. Då fekk dei sjå ei skute som kom inn gjennom falla. Ho hadde storseglet oppe, men ho gjekk med bakka klyver. Når dette seglet vart fylt med vind så fall ho av. Slik fekk ho ikkje så stor fart, og slik kom ho inn mot land. Skuta hogg mykje gjennom brota med det resultat at stormastra datt av. Den la seg fyrst attmed sida, men da tauverk rauk, la mastra seg framfor skuta. Så kom ein stor sjø og Columbine køyrde over mastra,- inn mellom to store steinar og nesten heilt på land. Der vart ho ståande.

Dei to på land hadde sett eit menneske om bord tidlegare, men no var det ikkje teikn til nokon. Difor tok Johan tak i forlykkja til klyveren og hengsla seg opp på klyverbommen, deretter om bord i skuta. Kvinnfolket han fann om bord var i dårleg forfatning, og det vart problem med å få ho i land. Johan fann ei trosse og ei line. Han kasta lina til Paul som stod på land. Lina batt han fast i trossa som Paul hala i land. Kvinna sette seg kraftig til motverge då Johan gjorde teikn til ho måtte fira seg til land på denne trossa. Skuta låg heller ikkje i ro, og Betty tok ned i sjøen og vart våt før ho kom i land. Johan måtte springe heim etter tørre klede, og heile mannskapet vart med tilbake til skuta. Bernt hadde med seg ei halv flaske rom som dei gav ho.

Betty vart på Lepsøya i åtte dagar, så drog ho til Ålesund. Der ho var i fire veker før ho reiste attende til Shetland. Skuta vart ståande i Rønstadfjøra heile vinteren,- til våren. Alt om bord vart teke på land og eit reserve storsegl som låg i rommet vart omgjort til ein presenning som skulle verne varene på land. Lensmannen måtte sette vakt over varene, for det var dei som ville forsyne seg. Vaktene var frå mannskapet til Bernt Rønstad. Om våren vart det auksjon over skuta og segla. Erik fortel at faren og farbroren ville by på skuta, men Bernt skulle ut på fiske den dagen, slik at det ikkje gjekk. Columbine vart seld for 400 kr.- Ho var godt i stand trass medfarta. Skroget var av eik. Fyrst vart ho tilrigga som lystseglar, seinare som fiskebåt. Erik fortel at ein gong han og faren var oppe i Hesta og tok ned ved, kom Columbine forbi. Dei sprang ned til sjøen, fekk sett færingen ut og rodde til skuta. Dei fekk kome om bord, og der var det fine greier. Som fiskebåt såg Erik skuta oppe i Vestfjorden seinare.

Av den engelske regjeringa og dronninga fekk Johan bergingsløn og medalje som takk for innsatsen. Sonen meinar han fekk fire-fem hundre kronar og den fine medaljen som familien enno har. På den eine sida av medaljen står det : Victoria D:G Britanniarum Regina F:D. På den andre sida :For Gallentry and Humanity From the British Goverment. Kring medaljen star det inngrave :Johan Erikson Rekdal 7. Februar 1886.

Frå andre kjelder veit vi at då Betty kom i land på Lepsøya, så var der ingen som forstod henne. Dei henta så presten, Ole Barmann, og han kunne hjelpe. I kallsboka har han skrive litt om hendinga: "1886 – Søndagen 7de februar landed udenfor Rønstad den shetlanske jakt Columbine med 2 retietseil uden Mandskab, blot en gammel Quinde – Elisabeth Mouat. Alt var for saa vidt vel. Om denne Sag er nu talt meget om dette". I alt var det fem som vart heidra, og ifølge nokre, ein som vart gløymd. Desse var Bernt Rønstad 38 år frå Haram, Paul Hestholm, 19 år frå Herøy, Knut Veblungsnes, 24 år frå Rauma, Johan Rekdal, 41 år frå Rekdal, Ole Nesset, 26 år frå Nesset, Bertinus Knarvik, 29 år frå Lindas. Han som vart gløymd var Elling Hestholm, 21 år frå Herøy. Handelsministeriet gav dei fem ovannemnde kvar si medalje og ei pengesum som utgjorde to pund til kvar. I tillegg fekk dei på deling dei 10 punda som John Bruce hadde lova dei som berga Betty Mouat.

Kort fortalt om Betty så budde ho fleire dagar hos leiaren av eit tranbrenneri på øya. Namnet hans var Bulley. Meldinga gjekk og til den engelske konsulen i Stavanger og vidare til Shetland. For folket der var dette ei fantastisk melding. Seinare kom ho til Ålesund, der kjøpmann Otto S. Jervell innlosjerte ho på hotell. Historia om henne kom i mange aviser, og på reisa heim vart ho ofte møtt av mange menneske som kom berre for å sjå henne. Den 23. februar kom ho til Hull. Deretter reiste ho med tog til Edinburgh. Då ho gjekk av toget vart ho møtt av eit folkehav. Her var ho ei tid for å kome seg betre til hektene. Mange kom og vitja henne. Saman med halvbroren drog ho til Lerwick, og kom dit laurdag 13. mars. Mange menneske hadde møtt fram for å sjå heltinna. Tre dagar seinare drog ho heim. Her levde ho til den 6. februar 1918, då ho døydde i ein alder av 93 år. På dødsdagen var det 32 år sidan den siste dagen på den utrulege reisa over havet. Eit minnesmerke for den fantastiske reisa er sett opp i Rået på Lepsøya.

 

Rangere denne artiklen
(0 stemmer)
Last modified on onsdag, 03 august 2016 12:56
Mer i denne kategorien: « Hobbyfiske Kor for oss »

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010