Toolbar
20 okt 2014

På Lausund ved fiskerihamna ligg Lausund småbåtlag si hamn.  Laget har 55 medlemmer og her ligg mange  båtar av ulik storleik,- og alle til sitt bruk. Å bu på Lepsøya er nesten utenkjeleg  utan å eige båt. Sjøliv og hobbyfiskeri  med nær tilgang til  fiskeplassar er ein viktig og medvirkande årsak visst  skal ein busette seg her. Teinebruk etter hummar og krabbe er ein høgt skatta hobby som er ettertrakta av mange.

Det er oppført 14 naust ved hamna. Idyllisk ligg dei der på rekke og rad. Etterspørselen etter nausttomter er stor på Lepsøya og seks nye naust er i emning og skal byggjast i nær framtid. Dugnadsånda er på topp og fleire av nausta vert sett opp av båtforeninga og på den måten tjene gode pengar til utvikling og  vedlikehald i småbåthamna. Småbåthamna på Lausund er ein triveleg stad for medlemmane å møtast, og det er sjeldan ein kjem hit utan å treffe folk.

 

Her er det gjort klart for seks nye naust

Her er det gjort klart for seks nye naust.

 

Vakre kveldar .

Ein stille og fin haustmorgon.

 

Rangere denne artiklen
(0 stemmer)
Mer i denne kategorien: « Skulekorpset Ole-Buda »

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010