Toolbar
23 okt 2014

Jokerbutikken på Lepsøya ber namnet Lepsøy handel, men på folkemunne seier vi berre "Ole-Buda".  Det er Odd Farstad og dottera Ann-Kristin som driv butikken. Dei har ein ekstra tilsett. Sjølv om Odd har passert 80 år, er han like fullt i arbeid på Ole-Buda kvar dag. Lett på foten og alltid like blid. Her ute kan vi vanskeleg tenkje oss Ole-Buda utan Odd.

Det var bestefar til Odd som byrja med butikk i 1898. Butikken var i kjellaren i Ole-garden. I 1902 vart "Gamlebuda" bygd,- og i den eine enden vart det telefonsentral. Den vart nedlagd i 1974. Åra gjekk og tida endra seg, og i 1961 det vart bygd ny butikk nedom vegen, som igjen vart ombygd i 1983 til slik den står i dag. Buda sel både bensin og diesel. I 1953 vart det tipping, den gong kosta ei rekkje 25 øre. Dei tok over medisinutsalet etter at Jordmor-Mattenes la ned butikkdrifta si i 1980. I 1997 vart der også post på buda.

Ole-Buda er open kvardagar til kl.18 og laurdagar til kl.16. På gamlebuda var det ope frå kl.09-23. Odd hugsar godt frå gamle dagar at det var ope til kl. 18.00 på sjølvaste julaftan,- og det hende folk for heim og åt steika, for så å kome attende for å prate. Dette fortel mykje om at Ole-Buda er noko meir enn ein stad å handle matvarer. Mange vil nok påstå  at buda er den viktigaste treffplassen på øya. Ole-Buda fungerer godt som turistkontor også. Tilreisande fjellfolk får ofte god veiledning om kor dei skal ferdast her ute - gode tips om vêr og føre. Er du ute etter lokale nyhende, får du også det her; plakatar om diverse arrangement heng på tavla utanfor. Mange tek turen innom,- ikkje berre for å handle, men i håp om å treffe folk, "frætte" nytt og slå av ein prat.  

 

Kjekt å treffe kjentfolk og slå av ein prat.

 Kjekt å treffe kjentfolk og slå av ein prat.

  

 Kvar tirsdag og fredag kjem vareruta med varer. Då kan det vere hektisk på Ole-Buda. Alle frosne varer må raskt på plass i frysar, og hyllene må fyllast opp.

 

I dag betalar dei fleste med bankkort når dei handlar. Odd fortel at før var det vanleg å handle på bok, og så betale ein gong i månaden. Dette kom av at fiskeriet kunne slå feil og det ikkje vart nok pengar til mat. Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg kor tøft det måtte vere både for dei som måtte ha mat, eller for handelsmannen som hadde uteståande store pengesummar.

 

Diskusjonen kan gå hardt føre seg i sofakroken. "Den himmelske fredsplass" har vore eit mykje brukt namn på denne kroken i Ole-Buda.  Som regel er det "karagjengen" som treffast. Politiske ytringar og siste nyhende lokalt og sentralt, og heilt sikkert mykje av "Hugsar du den gongen......"

 

 

Rangere denne artiklen
(0 stemmer)

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010