Toolbar
  • Layout
    Linear Layout
    Grid Layout
Displaying items by tag: Lepsøy skule

Lepsøy skule er ein todelt barneskule. Det betyr at elevane går i aldersblanda klasser, stort sett 1.-4. og 5.-7. i lag. Når ein jobbar med fleire ulike ting i samme klasserommet, er det gode mogelegheiter for god tilpassa opplæring. Dei yngre lærer også mykje av dei eldre.

Det nyaste ved skulen er at vi har byrja å bruke ipadar, særleg til begynnaropplæringa i lesing. Vi har elles god tilgang på berbare pc-ar, og brukar dei mykje. Men vi brukar mykje blyant og papir også. Ei god blanding er bra, synest vi. 

Trivsel er viktig for god læring. Vi arbeider heile tida for at skulen skal vere ein god og trygg stad å vere for små og store. Førskulebesøk kvar veke i vårhalvåret og mykje felles uteområde gjer at overgongen frå barnehage til skule ikkje blir så skummel.

Med få elevar er det lett å vere fleksibel. Til dømes er det lett å ta med heile gjengen på skøyteisen på Sætsdemma akkurat når tilhøva er best. Vi synest det er viktig å nytte den flotte naturen som vi har på øya, og her er mange fine stader ein kan ha som turmål.

Sjølv om tilhøva ved skulen er små, har både elevar og lærarar mykje kontakt med dei som går på Haramsøya og Flem skular. Vi har mange felles samlingar for elevane, og lærarane blir felles skulerte i "Øyanettverket". Eit slikt godt samarbeid er vi veldig glade for å ha.

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010