Toolbar
  • Layout
    Linear Layout
    Grid Layout
Ingunn Kjerstad

Ingunn Kjerstad

Brannvern

den: 20 september 2014

Lepsøya har eit aktivt brannkorps. På øya her kan ein ikkje vente på hjelp frå fastlandet når det brenn, ein må vere klare til å rykkje ut sjølve, på kort tid. Brannkorpset held stadig øvingar og driv med førebyggande arbeid. I høve nasjonal brannvernveke inviterte dei i dag til open dag ved brannstasjonen. Der var det mellom anna eiga opplæring i korleis dei kan klippe sund bilar for å få folk ut, som stod på programmet. I tillegg var det konkurranse for ungane, gratis kaffi, vaflar og sveler, og alle fekk prøve å sløkkje brann med pulverapparat.

 

 

Lepsøy misjonssenter, eller Prestegarden, er ein av stadane du kan  vejle når du skal bestille overnatting her på Lepsøya. Du kan leige anten hovudhuset eller stabburet, eller begge deler. Ver ute i god tid med bestilling, for husa er mykje utleigd.

Prestegarden blir også mykje brukt til selskapslokale. Her er eit flott kjøkken til slik bruk. Kvar jonsokaftan er her mykje folk som samlast for å kose seg med ulike konkurransar og ete rømmegraut og kaker. Jonsokbryllaup er artig for dei små, i tillegg til at her er eit flott leikeområde.

Prestegarden har eiga nettside: www.lepsøymisjonssenter.com. Her finn du bookingkalender og leigeprisar.

 

Sjøhellaren er den første store grotta ein kjem til om ein går frå Rønstad. Hellaren ligg ved Kulturstien, og ein kjem til denne like før ein kjem til Rået. Også denne grotta har blitt til ved at havet ein gong har krevd sin plass. Sjøhellaren ligg heilt nede ved sjøkanten, og ved stor flo går båra langt inn i hellaren. Natuleg nok finn ein både rakved og andre spanande ting her som storbåra har lagt ifrå seg.

  

Det veks Ramslauk inne i Sjøhellaren. Planten breiar seg som eit grønt og kvitt teppe på botnen, og går ein forbi her i slutten av juni, kan ein kjenne eimen av lauk. Ramslauk blir ofte kalla "Nordens Kvitlauk" på grunn av at han minner om kvitlauk, men er noko mildare og rundare i smaken. Ramslauk har den seinare tid blitt svært populær i mange kjøkken og ettertrakta av gastronomar rundt om i heile Europa. Ramslauken er best like før blomstring, og han blir brukt blant anna oppkutta og strødd i salatar og over steikt kjøtt.

I Sverige er Ramslauk freda. 

Over Sjøhellaren ligg Øvstehellaren,- ei noko mindre kjend grotte som ligg gøymt til. Ved nærmare augesyn, kan ein sjå eit fantastisk fargespel i veggane der og særeigne steinformasjonar som er vel verdt å sjå nærmare på.

 

 

 

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010