Toolbar
  • Layout
    Linear Layout
    Grid Layout
Ingunn Kjerstad

Ingunn Kjerstad

Sommarbeite

den: 16 juni 2014

Kjekt for ungdyra å kome til Rønstad på sommarferie. Rikeleg med mat aller vegar. Blir veret i varmaste laget tek dei turen til Sanden og vaspar i strandkanten. Litt salt snadder er heller ikkje å forakte ser det ut til, då dei ofte blir observert med tarekurv hengande i munnvikane,- sprøtt og gøtt :-)

Slottånna

den: 14 juni 2014

Slåtten er i full gang på Lepsøya og herlege lukter av nyslått gras overalt.  Med eit slikt strålande ver som det har vore dei siste vekene, må det vere kjekt å vere bonde.

Lepsøydagar

den: 25 mai 2014

I regi av idrettslaget har vi kvart år ei heil helg med ulike aktivitetar for store og små. Dette krev stor innsats og dugnadsånd, men det finst det mykje av her ute. I år spelte også vêret på lag, så heile arrangementet vart særdeles vellukka.

 

Foto: Monica Rønstad

 Foto: Roy-Asle Andreassen 

 

Dette var programmet for Lepsøydagane 2014:

Fredag 6. juni: 
Kl. 17-19 på samfunnshuset: 
Buffet med bacalao, lasagne, kaker og dessertar.
Kl. 20-22 i vestibyla på samfunnshuset: 
Aktivitetar for barn/unge. 

Laurdag 7. juni:
Kl. 12-14: Sykkelløp med rebus. 
Hovudpremie (blir trekt): Sykkel. Start og slutt ved klubbhuset.
Kl. 13-14.30: Kiosken på klubbhuset er open. 
Soft-is v/ Gro.
Kl. 14: Utstilling av veteranbilar og amcar på skuleplassen v/ Seaside Custom.
Kl. 14-17: Sal av grillmat v/ idrettsbana.
Kl. 14-17: Hoppeslott v / idrettsbana.
Kl. 14.30: Fotballkamp A-laget: Lepsøy-Ellingsøy.
Kl. 21-01: Sosialt samver i huken v/ vestibyla. 

Søndag 8. juni:
Kl. 12-16 på Lepsøy småbåthamn v/ ferjekaia:
Sal av fiskesuppe, sveler, vaflar, kaker, popcorn og pølse m/ brød.
Diverse aktivitetar. Tare kjem på besøk.
Kl. 12-15: Fiskekonkurranse m/premiar.

Måndag 9. juni:
Øyamarsj med registrering på Bryggja.

 

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010