Toolbar
  • Layout
    Linear Layout
    Grid Layout
Ingunn Kjerstad

Ingunn Kjerstad

Ein dagstur til øya på sykkel, kan gi fine opplevingar og vegane er godt egna for sykkelturar. Ta med sykkelen på ferja frå Skjeltene eller på hurtigbåten frå Ålesund. Med utgangspunktet ved ferje – hurtigbåtkaia, har du mange val. Ein tur til Hellevika, der vegen endar ved det idylliske Hellevik fyr, eller velje vegen til Rønstad som går i motsatt retning, som kan vere ein passeleg tur om ein har med born (begge turane er om lag 4 km).

Ved veis ende på Rønstad kan du trygt parkere sykkelen om du vil ta turen ut i Rået. Ein må ta til høgre om ein bestemmer seg for Hellevika. Etter om lag 2,5 km passerer ein Prestegarden som ligg fint til like ved sjøen. Der er rikeleg med muligheiter til aktiviteter for borna (og dei vaksne). Prestegarden vert eigd av Misjonssambandet i dag, og driv med utleige til leirskule, lag og private selskap. Er der ledig kan ein stoppe opp her og rusle rundt og nyte dei fine omgivelsene. Ein gapahuk er oppsett att med naustet og tilgjengeleg for alle som ønskjer å grille eller koke ein kaffi. Er dagen ekstra varm, og blir velsigna med finever, kan ein ta seg ein frisk dukkert på Kjerstadsanden som ligg like ved. Dette er ein populær badeplass som blir mykje brukt av øyfolket om sommaren.

Syklar ein vidare, må ein trå litt ekstra hardt i for å klare” Brauta” utan å gå av sykkelen. Vegen har jamn stigning frå Prestegarden, men flatar ut ved Sætsdemma. Her kan ein stoppe opp og kvile i gapahuken som også kan gi ly for både regn og vind om ein treng det. Denne gapahuken vart sett opp på dugnad av øyfolket til alle som vil – kan bruke den ,- sommar som vinter. Om vinteren frys Setsdemma ofte til is og blir til ei glimrande skøytebane som mange nyttar seg av. Gapahuken blir flittig brukt i slike høve av både barnehagen og skuleborna. Varm kakao og grilling av pølse i gapahuken står ofte på menyen. Om sommaren er det idyllisk å sitje her og nyte roa og omverda. Kanskje berre uroa av fisken som vaker eller grågåsa som roper på ungane sine.  

Vil ein sykle vidare , må ein sykle nokre hundre meter til, før ein kjem til Hellevika. Her går vegen bratt nedover med skarpe svingar og det kan vere lurt å leie sykkelen ned dei siste metrane. Å sitje ved grillbålet eller fiske frå svaberga i Hellevika ein sommarkveld med sol som går i havet, kan vere ei oppleving som festar seg i minnet.

 

Ved Sætsdemma

den: 27 april 2014

Ved Sætsdemma er det laga til ein flott gapahuk med grillplass og gratis utlån av kano og båt. Om vinteren er her fin skøyteis to-tre veker i året. Då er her liv og røre, kan du tru. Små og store kosar ute på isen og ved grillen. Her er også leikestativ for dei yngste.

Side 12 av 12

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010