Toolbar
  • Layout
    Linear Layout
    Grid Layout
Ingunn Kjerstad

Ingunn Kjerstad

Skulekorpset

den: 19 oktober 2014

Lepsøy skulekorps har inga aldersgrense oppover, her er omtrent like mange vaksne som ungar. Korpset er til stor glede og underheld stadig ved ulike arrangement. Speling på 17. mai, adventsfest, julekonsert, basar og kafé er faste innslag. Det har vore mange samarbeidsprosjekt med andre korps i kommunen også, med stor suksess! Haramstreff og Kick-off er populære musikalske samlingspunkt som korpset er med på. Kvart femte år er det ein lengre tur på programmet. Dirigent Slavey Stoyanov er flink og godt likt av unge og gamle i korpset.

Skulekorpset spelar ei særs viktig rolle på 17. mai. Tusen takk for innsatsen, år etter år!

 

Kortreist mat

den: 08 oktober 2014

Når bærsesongen er over og grønsakene er ute av jorda, er det kjøtmaten som står for tur. Slakting og bearbeiding av kjøt av hjort og sau er tradisjonar som blir vidareført til nye generasjonar. Her kan ein snakke om både kortreist mat og stor verdiskaping.

 

 

Basar

den: 26 september 2014

Basarsesongen er sparka i gang! Når haustmørkret set inn, samlar store og små Lepsøyingar seg på basar mang ein fredagskveld. Her støttar ein ei god sak, samtidig som det er sosialt rundt kaffiborda. Lyden av "basarsøllj" er koseleg. God kaffimat, åresal og hovudgevinst på nummerbok. Enkel og grei oppskrift på suksess!

Ungane lærer seg fort køsystemet for kven sin tur det er til å levere ut gevinstar. Og når opproparen kjenner alle som vinn, fell det mange vittige kommentarar undervegs. Her er Roar, Sølvi og diverse ungar i full sving på bedehusbasaren:

 Både fastbuande og mange tilreisande møter opp på basar. Det er kjekt med fullt hus! Her frå idrettslagsbasaren (foto: Roy-Asle Andreassen):

Kaker og kaffi høyrer med:

 

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010