Toolbar
  • Layout
    Linear Layout
    Grid Layout
Marita Lausund

Marita Lausund

Mukje vatn

den: 02 november 2014

I veka som har gått, kom det mykje vatn. Sist tirsdag regna det ustanseleg heile dagen og mange vart ein smule engsteleg for vatn i kjellaren sin. Diverre kan dettte skje av og til.  Å stoppe vatn som er på veg inn i huset er nesten ei umuleg oppgåve.  Generasjonar tilbake grov dei grøfter og "sette" veiter på kryss og tvers med rå arbeidskraft. Mange av disse veitene har gjennom  åra gått tett og  kan vere ein av grunnane til at det blir mykje overflatevatn. Mangel på dokumentasjon over kor dei gamle veitene ligg og bruk av  tyngre køyretøy i dag, har og sitt å seie.

I dag har vi store maskiner som drenerer og lagar nye veiter. Store demensjonar på slangar og rør blir brukt. Ei god jord krev god drenering. For mykje vatn i jorda gir dårleg bereevne og lavere avling for bonden.

 

Presteelva blir stor under forhold med mykje regn.

Ei opa veite er lagd i rør og det er spanande om den kan "berge" kjellarane og hindre dei bli fylde med vatn.

 

 Sjølv om nye og store veiter er tekne, kan det under mykje nedbør danne seg store dammar som her på Farstad.

Når slusene opnar seg, kjem dei seks søstrene til syne på Rønstad.

 

Hjortejakta startar 1. september og varer like til  23. desember. For å vere med å jakte må ein vere tilslutta grunneigarlaget og klart jaktprøva. Talet på jegerar kan variere frå år til år, og i år det med sju stykker.

Dei har eit godt miljø i jaktlaget, og det har alltid vore semje om korleis dei skal forvalte hjortestamma på best mogeleg måte. Nytt av året er at det berre skal jaktast i helgene,- ein avtale jegerane har gjort innbyrdes. Dette er eit prøveprosjekt som skal utprøvast i år. Her er berre eitt val, og jegerane har god innsikt i kva for dyr dei skal felle og kor mange, - og kva for dyr som skal takast først og sist.  I år har dei lovnad på 18 dyr, i skrivande stund er 11 hjortedyr skotne.  Løyve er gitt på grunnlag av 12.000 dekar jord.

Det har minka med hjort på øya. Det er ikkje like ofte ein treff på hjort lenger. Ei tid tilbake var det heilt vanleg å sjå store flokkar på markane kvar dag. Dette kan vere at det generelt har auka kvotene over heile landet og pga dette minka med antal hjortedyr også her. For nokre år sidan var det fellingsløyve på heile 44 dyr.

 

For nokre år sidan vart det arrangert hjortefest. Kvart fjerde år inviterte jegerane og grunneigarane inn til festleg lag på samfunnshuset. Bordet vart dekka med dei flottaste rettar som kunne lagast av hjort. Heilsteikte lår, karbonade, vilgryte, og ribbe for å nemne nokre av dei. Festkomiteen vart vald på årsmøtet til grunneigarlaget,  som då ordna det praktiske. Nærmare to hjortedyr gjekk med til denne festen. Dyktige kokkar og serveringshjelp, sang og underhaldning etterfulgt med dans, gjorde at hjortefestane vart ein populær fest som alle ville ta del i. Påmeldingslistene vart lagt ut på butikkane og på ein av festane tok det nøyaktig 15 minutt  før listene var fulle.

Her er velkomstkomiteen klar for å ta i mot og ynskje gjestane velkomne.

 

Fornøgd hjortejeger og slakting i Plassenaustet.

 

Her er tre av jegerane på plass som speidar etter hjort.

 

Ole-Buda

den: 23 oktober 2014

Jokerbutikken på Lepsøya ber namnet Lepsøy handel, men på folkemunne seier vi berre "Ole-Buda".  Det er Odd Farstad og dottera Ann-Kristin som driv butikken. Dei har ein ekstra tilsett. Sjølv om Odd har passert 80 år, er han like fullt i arbeid på Ole-Buda kvar dag. Lett på foten og alltid like blid. Her ute kan vi vanskeleg tenkje oss Ole-Buda utan Odd.

Det var bestefar til Odd som byrja med butikk i 1898. Butikken var i kjellaren i Ole-garden. I 1902 vart "Gamlebuda" bygd,- og i den eine enden vart det telefonsentral. Den vart nedlagd i 1974. Åra gjekk og tida endra seg, og i 1961 det vart bygd ny butikk nedom vegen, som igjen vart ombygd i 1983 til slik den står i dag. Buda sel både bensin og diesel. I 1953 vart det tipping, den gong kosta ei rekkje 25 øre. Dei tok over medisinutsalet etter at Jordmor-Mattenes la ned butikkdrifta si i 1980. I 1997 vart der også post på buda.

Ole-Buda er open kvardagar til kl.18 og laurdagar til kl.16. På gamlebuda var det ope frå kl.09-23. Odd hugsar godt frå gamle dagar at det var ope til kl. 18.00 på sjølvaste julaftan,- og det hende folk for heim og åt steika, for så å kome attende for å prate. Dette fortel mykje om at Ole-Buda er noko meir enn ein stad å handle matvarer. Mange vil nok påstå  at buda er den viktigaste treffplassen på øya. Ole-Buda fungerer godt som turistkontor også. Tilreisande fjellfolk får ofte god veiledning om kor dei skal ferdast her ute - gode tips om vêr og føre. Er du ute etter lokale nyhende, får du også det her; plakatar om diverse arrangement heng på tavla utanfor. Mange tek turen innom,- ikkje berre for å handle, men i håp om å treffe folk, "frætte" nytt og slå av ein prat.  

 

Kjekt å treffe kjentfolk og slå av ein prat.

 Kjekt å treffe kjentfolk og slå av ein prat.

  

 Kvar tirsdag og fredag kjem vareruta med varer. Då kan det vere hektisk på Ole-Buda. Alle frosne varer må raskt på plass i frysar, og hyllene må fyllast opp.

 

I dag betalar dei fleste med bankkort når dei handlar. Odd fortel at før var det vanleg å handle på bok, og så betale ein gong i månaden. Dette kom av at fiskeriet kunne slå feil og det ikkje vart nok pengar til mat. Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg kor tøft det måtte vere både for dei som måtte ha mat, eller for handelsmannen som hadde uteståande store pengesummar.

 

Diskusjonen kan gå hardt føre seg i sofakroken. "Den himmelske fredsplass" har vore eit mykje brukt namn på denne kroken i Ole-Buda.  Som regel er det "karagjengen" som treffast. Politiske ytringar og siste nyhende lokalt og sentralt, og heilt sikkert mykje av "Hugsar du den gongen......"

 

 

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010