Toolbar
  • Layout
    Linear Layout
    Grid Layout
Marita Lausund

Marita Lausund

Ingen klagar på sommaren så langt i år. Dei som har levd ei stund, snakkar om ein liknande sommar i 1945. Sol frå klar himmel kvar dag og gradestokken held seg jamt over 20 talet.  Livet er herleg på Lepsøya akkurat no. Kjerstadsanden blir flittig brukt morgon og kveld, og natta med. Alle kosar seg,- og borna leikar i sanden og er slett ingen pyser når det gjeld å ta seg ein dukkert. Vi kryssar fingrane og håpar fineveret varer.

Søndag den 29. juni arrangerte Bo ved havet Kul Tur rundt øya i lag med Fjelltrimgruppa og Bygdeutvalet. Kristin Sørheim, som er leiar for fylkets kultur og folkehelseutval, kom og opna Kulturstien.

Dagen starta med knallver, strålande sol og blå himmel. Imponerande mange tok turen hit denne dagen. Vi starta i fellesskap i Hellevika, der vi tok oss tid til ei lita omvisning på "Ivergarden", - eit flott tun som er totalrenovert til slik det ein gong var. Eit imponerande arbeid er gjort for å få dette til, og alle bygningane er bygde opp att akkurat slik dei stod.

Fire trekasser er plassert på ulike stadar rundt Kulturstien. Ved å opne døra på disse kassene, strøymer det ut den eine sterke forteljinga etter den andre,- kulturhistorier om forlis, den første busetnaden på øya og Rået. Kjem ein til Øvsteråsa og nærmar seg slutten av Kulturstien, kan ein kvile på benken og lytte til sangen om "Øya vår". Kristin Sørheim avduka alle kassene med lydhøyre tilskodarar.

Før vi kom så langt, stoppa vi opp på Bryggja og var halvvegs i ruta. Her kunne alle få servert nydeleg fiskesuppe. Det gjorde godt med ein kvil her, og når Arvid Steen leita fram saxofonen og trylla fram vakker musikk, kunne vi berre lene oss tilbake. 150 besøkande gjorde ære på suppa, og ikkje ein dråpe vart til overs. Alt gjekk med. Kristin Sørheim takka for invitasjonen og overleverte gåve til arrangøren.

3-4 timar brukte vi på turen,- i ein mektig og variert natur, med mange kulturminne som er vel verdt å få med seg. Framme ved Rønstad stod skyssen klar og frakta folket til Hellevika for å hente bilen eller køyre direkte til Lepsøy småbåthamn, der alle kunne kjøpe seg kaffi og kake. Der var det høve til enda meir kulturelle input. Presentasjon av Naustprosjektet, der vi har fokus på korleis ta vare på  nausta våre, og utstilling av gamle reiskap osv.

Velkomen attende :-)

Du finn fleire bilete frå turen i Slideshow, oppe til høgre på framsida.

 

 

 

 

All inclusive

den: 14 juni 2014

Ei lita hytte med "All Inclusive" er komen opp like under toppen av Goaldet. Ein drivandes dugnadsgjeng har stått på i lang tid med å bygge hytta. Ho er snart klar for booking, - berre litt finpussing står att. Hytta kan brukast til oppbevaring av diverse utstyr som trengs under ulike arrangement, men ein kan faktisk overnatte der om ein vil det. Høg standard i eksklusive omgivelsar er vel den rette beskrivelsen her. Kan ikkje klage på utsikta her.

 

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010