Toolbar
  • Layout
    Linear Layout
    Grid Layout
Marita Lausund

Marita Lausund

Fotball 8G

den: 02 mai 2015

Vi har mange komande fotballstjerner på Lepsøya, og alle synest det er kjekt å sparke fotball. Trenarane rosar for godt frammøte på treningane.

Det blir ingen seriekampar i år men laget har valt å vere med i organiserte cupar. Det blir 4 miniturneringar,-  2 om våren og 2 om hausten. Både jenter og gutar speler i lag. I ei lita bygd har vi bruk for alle, og ingen sit på reservebenken lenge. Alle er med. Alderen på G8 er 7-8-9- åringar. 

Ballbingen er populær og god å ha til trening. Her er gjengen i ferd med oppvarming. Energien er på topp, og Guttorm som er trenar ser at alt går rett føre seg. Jan Petter, Norvald og Guttorm deler på å vere trenarar for laget. Dei har trening i ballbingen ein gong i veka.

  

 

Ikkje alltid like lett å treffe ballen.

 

 

Mykje å passe på.

 

 

Vi som bur her er stolte av øya vår, og vi har mykje å by for dei som vil ta turen hit. Alle er med og bidreg, og mykje skjer. Vi held dugnader, arrangerer festlege arrangement for både store og små. Konsertar, fotball, basarar og messer er populært for fleire enn berre øyfolket. Utflytta Lepsøyingar og andre tilreisande vil gjerne vere med å bidra, men det er ikkje alltid like enkelt å få med seg tidspunktet når det skjer.

I dette høve har Bo ved havet laga ein kulturkalender, der alle kan få informasjon om alt som skjer på øya. No kan du planlegge langt fram i tid og sette av dato og tid. Du er hjarteleg velkommen! 

 

Kveite og hyse

den: 01 februar 2015

Når det er finever med sol og blankestilla på sjøen, blir mange freista til å prøve fiskelukka. Når det att på til klaffar med sjøvêr på ein laurdag, vart det stor utfart i går frå begge småbåthamnene. Nokre med line og andre med snøre og stang.

I det siste har rykta gått om bra fangstar av hyse på line. Å la hysa henge på veggen over natta, er gammal tradisjon og gjer det lettare å flekkje fisken.

 Heimelaga fiskekaker av hyse er snadder.

Heimelaga fiskekaker av hyse er snadder.

Oppskrift på fiskekake

  • 500 g hysefilet
  • 2 ss potetmjøl
  • 2 ts salt
  • 2 dl heilmjølk
  • litt pepper
  • reven muskat (kan sløyfast)

Bland i kjøkkenmaskin og steik kakene i melange.

 

Storfangst på 24 kg med fisketroe. Fiskaren fortel det var ikkje heilt enkelt å få ei så stor kveite med troe,  og trudde først at pilken stod fast i botnen. Men etter ein halv time greidde han til slutt å få kveita over ripa, og båten og kveita måtte gi tapt.

 

 

 

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media

2017
2016
2015
2014
2013
2011
2010