Toolbar

Kulturstien

Keila

Naustmurane i Keila er nok opplødde av dei første som kom hit og har vore i bruk også ut i det 20-århundret. Keila ligg like nedanfor Omnen. Vi kan tydeleg sjå og forstille oss det var ein høveleg stad å ha nausta sine. Ei lun og beskytta hamn omkransa av store berg som ga ly for storbåra når fiskarane kom roande i land med dagens fangst.

Omnen vart avfolka i i tidsrommet 1760-64, og sjølv om gardane vart flytta til Hellevika, måtte dei framleis ha båtane i Keila. Dei hadde kort utror til fiskeplassane derifrå, men likevel ein lang og slitsam veg heilt til Hellevika, med tunge bører av fisk og vegn.

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media