Toolbar

Bo på Lepsøya

Lepsøy aldersbustadar

Lepsøy aldersbustader ligg på Farstad like ved Sanitetshuset. Huset vart bygd i 1980. Det er 6 husvere oppe og to mindre nede i underetasjen som ofte blir leigd ut til folk i alle aldrar, ung som eldre. Men det er i hovudsak eldre pensjonistar som bur her,  som har flytta hit for å få eit meir tilrettelagd husvere.

Det er ein stiftelse på øya som leiger ut og administrerar huset. Dei eldre trivest og synest husvera er lettstelte og ligg sentralt til med kort veg til lege, butikk og frisør. Både frisør og fotpleie har sine kontor i underetasjen. Bygdestova i underetasjen har plass til mange og blir ofte brukt til minnestunder, konfirmasjonar, møter og ulike festlege arrangement. 

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media