Toolbar

Bo på Lepsøya

Lepsøy fotoklubb

Mars 2016 starta vi opp med Lepsøy fotoklubb. Det hadde lenge vore lufta interessa om andre kunne tenkje seg å vere med, visst vi klarer å starte opp ein fotoklubb på øya. Mange har investert i flotte speilreflekskamera og ytra ynskje om at det hadde vore kjekt og vore med i ein fotoklubb, lære meir og dele fotointeressa med andre.

Det vart lagt ut etterspurnad om interessa på facebook, om det no var på tide å starte opp. Facebook er lett tilgjengeleg og enkelt å nå mange. Responsen var stor og over 20 stk. melde si interesse. Vi kalla inn til møte og vidare planlegging. Ei fin blanding av begge kjønn. Mange kan tenkje seg å lære meir,- ta flotte bilete, andre synst det sosiale er viktig og ha det kjekt i lag, vere med på fototur og ha nokon å dele fotointeressa med.

Nokre få tok initiativ vidare og danna eit interimsstyre som skulle ta seg av det praktiske, registrering osv... Namnet på klubben vart: Lepsøy fotoklubb.

Eitt år har gått og det har vore eit spanande år i fotoklubben. Det har vore arrangert grunnleggande kurs, hatt trivelege fotomøter der vi har drøfta tema og ser på bilete som medlemmer i klubben har tatt. Det blir kåra "kveldens bilete" på kvart fotomøte, som blir lagt ut som framsidebilete på fotklubben si lukka gruppe på facebook. På denne sida kan vi også drøfte foto-aktuelle saker og legge ut foto frå medlemmer i klubben.

Vi prøver å få til mange fototurar, både i nærmiljøet og litt lengre vekk. Dette er lærerikt og alltid kjekt og sosialt. Som regel har vi med både kaffi med noko attåt og grilling på bål.

Klubben har hatt to utstillingar, ei på 17. mai og ei juleutstilling på gamlebankens sine lokale ved Ole-Buda. Dette vart ein stor suksess med mange positive tilbakemeldinger. Vi hadde ope hus kvar laurdag i desember månad.

 

Her har vi fotomøte. Praten går lett rundt borda med kaffikos og smågodt.

 

Når ein er på fototur, er det lett å fordjupe seg inn i ei anna verd. Det kan bli mange blinkskot berre ein får den rette vinkelen med fotoapparatet. Trond står med reflektor for å få best muleg lys på motiva.

 

Mange gode replikkar som gir god latter. Vi har det kjekt i lag.

 

Gode råd er gull verdt. Her er vi på tur i Hellevika. Ein fantastisk stad med naturen tett på, eit ynda stad å bruke fotoapparatet

 

Når det er dårleg ver ute, kan ein eksperimentere med fotoapparatet innendørs.

 

Godt å få litt hjelp med å stille inn og forstå innstillingane på fotoapparatet.

 

Fototur til Hellevika.

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media