Toolbar

Sanitetshuset

Sanitetshuset ligg ved fjellfoten på Farstad. Det var Lepsøy sanitetsforening som starta arbeidet med å bygge sanitetshuset som stod  stod ferdig i 1965. Lepsøy sanitetsforening er like aktive den dag i dag som dei var då dei starta opp i 1923. Dei har sine samlinger og møter i underetasjen. Målet til sanitetskvinnene har vore å skape gode velferdsordninger for øyfolket. Har du lyst å vere med, er du hjarteleg velkomen i laget. Lokalet i underetasjen er ofte utleigd til divere formål og det er høve til å leige lokala, om det så er til bursdagsfeiring eller andre festlege lag. Haram Kommune leiger øvste etasjen, der legekontoret, heimesjukepleia og helsesøster har sine kontorer.

Sjølv om øyane ikkje har fastlandsamband, er alle naudetater alltid beredt her ute. Øya har eigen brannstasjon og brannbil. Brannkorpset er på frivilleg basis, men er raskt på plass når alarmen går. Er det fare for liv og helse og du treng akutt hjelp, er Ålesund sjukehus nærmaste sjukehus. Luftambulansen er ei viktig brikke i beredskapsplanen og kan vere på plass på øya innen ti minutt.

På naboøya Haramsøy stasjonerer ambulerande helsepersonell og kan kome raskt til med ambulansebåten "Nordskyss".

Nærmaste legekontor ligg på Haramsøya. Kontortid: 09.00 - 15.00. Telefon 70207720.

 

 

Lepsøy idrettslag

Idrettslaget vart stifta i 1967. I byrjinga var det mykje fokus på fotball. Det er det framleis, men både friidrett, fjelltrim og ymse andre aktiviteter har blitt fronta av idrettslaget. Idrettslaget har årsmøte på nyåret og styrer drifta ved jamnleg møteverksemd gjennom året. Ulike arrangement blir gjennomført til glede for innbyggjarane på øya. Turstiane er gode å gå, fotballen rullar og Lepsøydagane samlar folket årvisst.

 

Treningssenter

Lepsøy treningssenter er eit døgnope tilbod til deg som vil trene inne. Her er mange ulike apparat til å jobbe med for å øve styrke og kondisjon, og så er her ein god massasjestol som du kan slappe av i etter ei treningsøkt. Solarium er her også, for deg over 18 år. Det kostar kr. 40,- for ei økt, men det går også an å få kjøpt klippekort og andre typar medlemskort med rabattar på butikken.

 

Lepsøy bedehus og kapell

Bedehuset ligg ved øvstevegen, ikkje langt frå fergekaia. Det blir jamnleg halde gudstenester på øya, og huset blir elles nytta til møteverksemd,  barneforeining / tysdagsklubb og barnekor. Det er eit eige styre som har ansvar for tilsyn og vedlikehald av bygget.

 

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media