Toolbar

Sjøliv og båthamner

Båthamner

Det er to småbåthamner på Lepsøya, og begge har gjestehamn.

Den første du ser når du kjem i land med ferja eller hurtigbåten, er Lepsøy småbåthamn. Her ligg naust og båtar som perler på ei snor. Ved hamna er det mykje aktivitet. Du er nesten garantert å ha nokon å slå av ein prat med om fiske og båtliv om du tek turen hit ein fin dag. I tillegg til dagleg bruk, er her ofte søndagskafé i sommarhalvåret. Hamna blir også brukt under Lepsøydagane, då er her fiskekonkurranse, aktivitetar og sal av fiskesuppe og anna mat. Småbåthamna har eit eige klubbhus med kjøkken og toalett.

På Lausund, lenger sør på øya, finn ein ei tilsvarande småbåthamn. Så du kan lett finne plass til eigen båt om du bur her.

Kontaktinfo:

Lepsøy småbåthamn: Hilmar Farstad, tlf: 91 10 92 05

Lausund småbåthamn: Bjørn Farstad, tlf: 92 29 68 92

 

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media