Toolbar

Ut på tur

Grønesletta

Ein tur til Grønesletta er ein populær og eit mykje brukt turmål. Den liggsentrumsnært til på øya og ein passeleg lett tur for alle. Turen startar ved Fjellvegen bak helsehuset om lag 1,3 km frå ferjekaia. Fjellvegen er ein veg som vart bygd med handemakt av grunneigarane på øya i 1950-åra for å gjere det lettare å føre husdyra til og frå beite. Vegen oppover er brei og trygg å gå på, med jamn stigning.

Barnehagen er ofte på tur til Grønesletta og ein like spanande tur kvar gong ,- mange nye ting å utforske og mange spørsmål som krev svar. Å samle på dei mange furukonglene som ramler ned frå trea kan vere spanande nok, og her finn vi alltid den første Kvitveisen dei første ”Gull i Gull” blomane( lokalt namn) som kjem tidleg om våren. Å plukke med seg ein bukett med ”Gull i Gull ” og Kvitveis for å gi bort, er alltid like kjekt. Oppetter langs Fjellvegen er det sett opp benkar med passeleg avstand mellom, som ein kan kvile på. På den øvste benken har ein god utsikt over store delar av øya, – Lepsøy skule med ballbingen. Barnehagen og idrettsanlegget ligg like ved. Herifrå kan ein også sjå Lausundholmen og Lausund småbåtlag og lengre mot sør ligg Lausundsanden.

Ei gammal sauerås går vidare frå Fjellvegen til Grønesletta der det viser spor etter sæterdrift. Heilt fram til 1970-åra var det store saueflokkar som beita på fjellet. No finst det ikkje husdyr på fjellbeite meir, og råsene gror att. Det gjer at dei merka turstiane vert mykje brukte. Stien fram til Grønesletta er godt synleg og lett å gå. Vel framme kan ein ta ein velfortent kvil på gode benkar og opne nistepakken . Er ein tørst og har gløymd å ta med drikke, er der reint vatn i små sikler som renn forbi i nærleiken.

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media