Toolbar

Ut på tur

Kulturstien

Kulturstien byr på ein tur utanom det vanlege. Den går langs fjøra på utsida av øya mellom Hellevika og Rønstad. Her er så mykje å sjå på, at ein heil dag bør setjast av. Det er ca. 4,5 km frå ferjekaia til Rønstad og same avstand til Hellevik. Turen er godt eigna for familiar med mindre born. Startar ein frå Hellevika, må ein rekne med å bruke om lag 3 timar til Rønstad og bilveg. Hellevik fyr som ligg om lag 250 meter lengre mot nordaust attmed bilveg, var bemanna fram til 1973, og i 1988 erstatta av ei fyrlykt like ved.. Fyret vart bygd i1880 og er privat eige i dag. Stien frå Hellevika er godt merka og går skiftevis på svaberg og over gras- og lyngmark. Mange stadar høver til ein rast med kaffibål og grilling. Rakfjøra er eit eldorado for alle som kjenner seg i slekt med Espen Askeladd.

Langs fjøra på utsida av øya er der mange hellarar som sjø og is har grave ut. Den fyrste hola vi passerar er Sethshellaren. Går ein vidare kjem ein til Hestdalen, der det i 1887 hende eit forlis med tragisk utfall. Vidare kjem vi til Keila, som vart brukt til båtstø i mange generasjonar. Utanfor Keila syner så vidt tuftene etter Omnen fiskevær. Her budde bortimot 80 menneske, og her ligg godt bevarte tuftar som truleg går attende til 1400-talet. På vegen vidare vil ein passere Karihola før ein kjem til fleire tufter og inngjerdingssystem nordvest for Hesthjell.

Ein ruslar vidare og mange kan lett verte fascinerte av å sjå havbåra som kan bryte mot holmar og skjer langt til havs. Etter uver ser vi tydeleg spor etter dei enorme kreftene som havbåra kan forårsake. Ei aprilnatt under vårfiskja i 1887 hende det eit forlis i dette området. 



Midtvegs passerer ein Bryggja. Der går svaberget loddrett i sjøen som ein kaikant. I ruskever kan det vere imponerande å sjå enorme bølgjer som blir knuste mot berget. Då må ein vere varsam for å kome trygt forbi. I finever kan det vere ei storslått oppleving å sitje her for ein rast,- og skode utover det store hav. Storholmen fyr kan ein sjå langt der ute. Innholmen fyr ser vi like utanfor Bryggja.

Etter kort tid passerer vi ”Porten”, der stien går gjennom ein trong passasje med ein stor stein over.



Deretter kjem ein til Færvollane, og vidare mot Rået, eit område med flat strandflate under bratte fjellsider. I dette området finn ein spor etter folk som har halde til der i tidlegare tider. Her finn ein nemleg eit forhistorisk gravfelt på om lag 150 graver. I Rået ligg Rønstadhellaren den største hellaren som kan minne mest om ein katedral. Den er grove ut av havet og er heile 90 meter lang og 13 meter høg. Rået er staden mange stoppar opp for grilling og kaffikos. Godt drikkevatn finn ein i elva like ved. I Stølsvika nedanfor hellaren er ei minneplate om Columbine og Betty Mouat – eit vitne om ei merkjeleg sjøreise som den 59 år gamle kvinna gjennomførte åleine vinteren 1886.

Vidare mot Rønstad kan ein velje mellom to stiar – ein kan gå langs fjøra forbi Sjøhellaren eller velje øvsteråsa som startar bratt opp eit gjel og langs ein liten fjellrygg. Oppe langs kanten er det skilt som syner vegen ned mot Rønstad og bilveg. Går ein vidare langs fjøra på den blåmerka stien , er det nokre plassar der små born kan trenge ei hand å halde i. Snart kjem ein til Smalhans, der ein tydeleg kan sjå eit andlet i bergveggen som ikkje er heilt i godlage. Like nedanfor er Gylta – Sildegjelet – Ramnen. Siste del av stien, går i trygg og godt merka sti. Frå Rønstad kan det vere greitt å ha ordna seg bilskyss attende til ferjekaia dersom ein ikkje vil ta beina fatt langs bilvegen.

Kulturstien

 

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media