Toolbar

Ut på tur

Opplev Lepsøya

Lepsøya har eit variert og spanande kystlandskap, og forholda ligg godt til rette for turar i fjell og fjøre. Vi vil gjerne hjelpe deg med å velje ein tur som passar best mogeleg for deg, og på desse sidene presenterer vi difor ulike turløyper, bakgrunnsinformasjon og praktiske opplysningar.

Kulturstien er ein fantastisk tur som går rundt baksida av øya. Den merka stien byr på mellom anna gamle kulturminner med særeigne historier, store og små hellarar omfamna av vakker natur i overgangen mellom fjell og hav.  Det er verdt å sette av ein heil dag til ein tur du seint vil gløyme.

Om ein ønskjer kortare turar, som også byr på spennande opplevingar, kan desse også finnast her. Av høgdepunkta er ein tur på Goaldet, den høgste toppen på øya, der ein får ei fantastisk utsikt over kystlandskapet og storhavet.

Ferjekaia på Kjerstad er utgangspunktet for dei fleste besøkande. Her finn du ei informasjonstavle som også beskriv dei fleste turane på øya, og ei tilhøyrande brosjyre ligg i postkassa. Vi vil be alle som ferdast på øya om å ta omsyn til dyr og fuglar, – særleg i yngle- og hekketida. Laushundar kan gjere stor skade, så hugs bandtvang.

Eit fint og lettvint alternativ til å rusle rundt i fjell og fjøre er å ta ein sykkeltur på øya.

Sett av god tid, og du vil oppleve mykje.

GOD TUR !

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media