Toolbar

Ut på tur

Goaldet

Ein tur til toppen av fjellet er ikkje berre for dei sprekaste. Stien mot Goaldet er lettgått og merka med raudt. Ein kan velje å gå frå Farstad ved Helsehuset om lag 1,3 km frå ferjekaia, eller frå Hellevika, om lag 4 km frå ferjekaia. Med jamt tempo, kan ein nå toppen på ein time ,men  har ein mindre born med må ein rekne med å bruke lengre tid. Enklaste ruta til Goaldet startar med Fjellvegen bak Helsehuset. Det er ein veg som vart bygd med handemakt av grunneigarane på øya tidleg i 1950 –åra,

for å gjere det lettare å føre husdyra til og frå fjellbeite.

Vidare frå Fjellvegen kjem ein til Grønesletta og ein eigna stad for ein rast. Her er gode benkar å kvile på. Å sitje her i fred og ro og nyte omverda gir balsam for sjela. Men det er ikkje uvanleg  ein kan bli uroa av ein eller fleire hjortar som flyktar forbi, eller at havørna kjem seglande på sine breie vingar. Lepsøya har ei tallrik hjortestamme og  her er bra rikt fugleliv med ulike måseartar på fjellet og i myrane.

Frå Grønesletta går stien beint til topps med jamn stigning som er godt synleg i terrenget. Halvvegs oppe i fjellsida er der ein drikkeslange med reint oppkomevatn.

Oppe på Goaldet får ein lønn for strevet i motbakkane. Med sine 490 meter over havet er Goaldet  eit av dei finaste utsiktspunkta i regionen og på klare dagar kan ein sjå imponerande langt til alle kantar. Herifrå kan ein sjå Stadtlandet med Kjerringa i sydvest. Horningsdalsrokken i søraust. Blåskjæringen i aust. Bud og Hustadvika i nordaust og eit mylder av skjer i nordvest,- Klovningen, Skreia, Daudingane og Naggen,- for å nemne nokre få.

Sommaren 2007  tok turgruppa i Lepsøy Idrettslag initiativ til å få i stand ei peileskive på toppen av varden på Goaldet. Med økonomisk støtte frå Sparebanken Møre og ein iherdig dugnadsgjeng vart dette realisert. Den 2. september 2007 vart peileskiva høgtidleg avduka av den gang fylkesmann Ottar Befring. Mange har vist  stor interesse for peileskiva, som kan gi svar på kva fjelltoppar og øyer ein ser ved å bruke markøren.

Det kan vere ganske kaldt og vindfullt på toppen av Goaldet. Då er det godt at her finst ei hytte som du kan søkje ly i.

Vil ein velje ei alternativ rute ned att, kan ein gå vidare mot nordvest forbi Korstjønna og ned mot Heia. Der er litt bratt eit lite stykke, men stien er trygg og god. Frå Heia kan ein velje om ein vil gå vidare til Storhaugen og ned mot Seth, eller ta stien til venstre ved fjellfoten, forbi Måshamrane og  attende til Fjellvegen.

<p>

</p>

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media