Toolbar

Grottevandring

Rønstadhellaren er ei stor grotte som kan vere spanande å utforske meir. Det er fleire grotter rundt om på øya, men Rønstadhellaren er den største og er  nok den største attraksjonen vår. Mange born synst det er spanande med slike holer og fantasien kan lett "løpe løpsk" med slike omgivnader.Opninga inn til hellaren er stor og vid, men blir trongare og smalere lenger inne. Det er lett å sjå spor i bergveggen her at havet ein gong har hjelpt til med vasking og polering. Segn fortel om jotner, troll og

Les meir …

Gylta - Sildegjelet - Ramnen

Den bergveggen som stikk lengst ut i sjøen eit lite stykke utanfor her heiter Gylta. Like utanfor Gylta går det inn ei djup kløft som kallast Sildegjelet. Kløfta er breiare i botnen enn øvst. Havbåra kan gå inn gjennom gjelet med bulder og brak. For lang tid sidan gjekk silda opp i Sildegjelet. Då rodde Rønstad karane ut og stengde opninga med eit garn, men korleis dei fekk tak i silda veit ingen noko om.

Les meir …

Lausundholmen

Lausundholmen ligg på sørsida av Lepsøya og er landfast med molo. Han ligg 18 moh og er 0, 25 kvadrat km. stor. Holmen blir i dag brukt til turområde og heilårsbeite for villsauer. Ein tur rundt Lausundholmen er ein enkel og grei tur om ein har med born. Det er bilveg fram til holmen – 2,3 km frå ferjekaia. Å rusle langs med fjøra på Lausundholmen kan vere interessant for borna. Det er spanande å studere og sjå på alt vrakgodset som sydvesten har slengt på land. Her er også fine plassar til

Les meir …

Goaldet

Ein tur til toppen av fjellet er ikkje berre for dei sprekaste. Stien mot Goaldet er lettgått og merka med raudt. Ein kan velje å gå frå Farstad ved Helsehuset om lag 1,3 km frå ferjekaia, eller frå Hellevika, om lag 4 km frå ferjekaia. Med jamt tempo, kan ein nå toppen på ein time ,men  har ein mindre born med må ein rekne med å bruke lengre tid. Enklaste ruta til Goaldet startar med Fjellvegen bak Helsehuset. Det er ein veg som vart bygd med handemakt av grunneigarane på øya tidleg i 1950 –åra,

Les meir …

Sykkeltur på Lepsøya

Ein dagstur til øya på sykkel, kan gi fine opplevingar og vegane er godt egna for sykkelturar. Ta med sykkelen på ferja frå Skjeltene eller på hurtigbåten frå Ålesund. Med utgangspunktet ved ferje – hurtigbåtkaia, har du mange val.  Ein tur til Hellevika, der vegen endar ved det idylliske Hellevik fyr, eller velje vegen til Rønstad som går i motsatt retning, som kan vere ein passeleg tur om ein har med born. (begge turane er om lag 4 km.). Ved veis ende på Rønstad kan du trygt parkere sykkelen om du vil ta

Les meir …

Underkategoriar

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media