Toolbar

Kjerstadsanden

Kjerstadsanden ligg idyllisk til ved Prestegarden. Slå deg til på den flotte stranda, og lat som om du er i sydlegare strøk. Viss du stikk tåa uti, vil du sannsynlegvis meine at det er ganske kaldt i sjøen. Men her er mykje badeliv på fine soldagar, uansett. Nokre er til og med så tøffe at dei badar her året rundt!

Les meir …

Sætsdemma

Ved Sætsdemma er det laga til ein flott gapahuk med grillplass og gratis utlån av kano og båt. Om vinteren er her fin skøyteis to-tre veker i året. Då er her liv og røre, kan du tru. Små og store kosar ute på isen og ved grillen. Her er også leikestativ for dei yngste.

Les meir …

Omnen

Her har det vore eit fiskevær med så mykje som 80 innbyggjarar i 1550 åra. Namnet Omnen er svært gammalt og tyder truleg ”lun hole” eller ”bustad”. Ein trur at Hamna kunne vore det opprinnelege namnet etter landingsplassen som vi no kallar Keila. Nedanfor der husa stod er det eit litt skjerma område som kallast Pampushamna. Det grunne området har kanskje fått namn etter dialektnamnet på tøflar- ”pampussar”. Dei første som busette seg her kom på slutten av 1400 talet. Det var ei god tid for

Les meir …

Hundremeterskogen

Ved fotballbana og barnehagen finn ein leikeområdet Hundremeterskogen. Her er det mange ulike ting å leike med, i tillegg til ein flott gapahuk. Det er stort sett barnehagen og SFO som brukar området mest, men det er ope for alle som vil. Dette er ein flott stad å ta med ungane til når du er her på ferietur, eller om du vil sjå på fotballkamp.

Les meir …

Underkategoriar

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media