Toolbar

Færvollane

Då arkeologen Per Fett kom hit i 1943, fann han om lag 150 gravrøyser på Færvollane. Desse vart ikkje undersøkt nærmare, men han laga ei oversikt over dei gravene som vart funne. Fleire år seinare vart ei av røysene grave ut. Per Fett fann då to gravkister bygd av stein med steinheller til lokk, men fann ingen gjenstandar.

Les meir …

Rået

Rået er eit fint turmål. Stien startar frå den yste garden på Rønstad på sørvestsida av øya, ca 4 km frå ferjekaia. Dette er ein tur som er godt eigna for familiar med mindre born. Stien er godt merka og er ein del av kulturstien. Den går skiftevis over svaberg og mark. Der er stort sett lett å gå, og ein ruslar ut i Rået på ein god halvtime. Enkelte stader treng små born ei hand å halde i. Undervegs passerer ein ”Smalhans” og ”Sjøhellaren”, -spanande innslag som kan gi borna ei rikare oppleving av

Les meir …

Grønesletta

Ein tur til Grønesletta er ein populær og eit mykje brukt turmål. Den liggsentrumsnært til på øya og ein passeleg lett tur for alle. Turen startar ved Fjellvegen bak helsehuset om lag 1,3 km frå ferjekaia. Fjellvegen er ein veg som vart bygd med handemakt av grunneigarane på øya i 1950-åra for å gjere det lettare å føre husdyra til og frå beite. Vegen oppover er brei og trygg å gå på, med jamn stigning.

Les meir …

Rønstadhellaren

Rønstadhellaren er 14 meter høg og 20 meter brei og 77 meter lang, og dermed ein av dei største sjøhellarane i Norden. Han ligg 56 meter over havet, og må altså ha blitt til ei tid då havnivået var mykje høgare enn det er no. Havbåra har truleg skylt mot fjellveggen, og med tid og stunder grave ut hellaren.

Les meir …

Smalhans

Dersom ein ser opp mot denne fjellveggen frå litt avstand, kan ein sjå eit tydeleg andlet som ikkje er i godlage. Andletet og heile den smale kanten langs med der du går, kallast Smalhans. Det kan kjennast trygt å støtte seg på Smalhans når ein går forbi, men er ein overtruisk bør ein helst ikkje gjere det. Før i tida var folk redde for å bli råka av ulukke dersom dei hadde klappa han Smalhans. Hadde dei vore så  heldige at dei støtta seg på han, gav dei han gjerne eit sauelår for at han skulle verte

Les meir …

Underkategoriar

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Kort om oss

Bo ved havet logo Bo ved havet er et prosjekt igangsatt av Lepsøy bygdeutval. Prosjektet skal planlegge og kartlegge muligheter for samfunnsutvikling på Lepsøya og skal utvikle samarbeid med de andre Nordøyane når det er aktuelt.bu. Les mer...

Kort om Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av Nordøyane på Sunnmøre. Du kjem hit med hurtigbåt fra Ålesund eller med ferje frå Skjelten. Men om nokre år kan du ta bilen eller sykle over Nordøyvegen.  På Lepsøya er det eit aktivt bygdemiljø, og her er ein god stad å bu.

 

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media