Toolbar

Kulturstien

Rået

Rået er eit fint turmål. Stien startar frå den yste garden på Rønstad på sørvestsida av øya, ca 4 km frå ferjekaia. Dette er ein tur som er godt eigna for familiar med mindre born. Stien er godt merka og er ein del av kulturstien. Den går skiftevis over svaberg og mark. Der er stort sett lett å gå, og ein ruslar ut i Rået på ein god halvtime. Enkelte stader treng små born ei hand å halde i. Undervegs passerer ein ”Smalhans” og ”Sjøhellaren”, -spanande innslag som kan gi borna ei rikare oppleving av

turen. Men ein kan godt velje Øvsteråsa som er merka med skilt like etter den yste garden på Rønstad,-attmed dei gamle lovemurene. Dette gir ein litt luftigare tur som gir flott utsikt over hav og landskap. Ein følgjer ein nesten attgrodd sti opp til Stølen der ein kan sjå spor etter skytebana som ein gong var her, men som vart avvikla på seksti talet. Vidare kjem ein til fjellkanten der stien går bratt ned til Rået. Stien er trygg og godt merka. I gamle dagar vart denne vegen brukt til å føre hestar og ungdyr til sommarbeite til Rået.

I Rået er det mange fine stader for grilling og eit fint terreng for borna å boltre seg i. Godt drikkevatn finn ein i elva like ved. Rønstadhellaren som er Nord-Europas nest lengste sjøhellar, og er nok den største attraksjonen. I Stølsvika nedanfor hellaren er minneplate av Colombine – eit vitne om ei merkjeleg sjøreise som den 59 år gamle Betty Mouat gjennomførte åleine vinteren i 1886 frå Shetland til fjøresteinane i Rået og om bergningsdåden med å få henne i land. Dersom ein vil overnatte, er der mange plassar å slå opp telt.

 

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media