Toolbar

Kulturstien

Rønstadhellaren

Rønstadhellaren er 14 meter høg og 20 meter brei og 77 meter lang, og dermed ein av dei største sjøhellarane i Norden. Han ligg 56 meter over havet, og må altså ha blitt til ei tid då havnivået var mykje høgare enn det er no. Havbåra har truleg skylt mot fjellveggen, og med tid og stunder grave ut hellaren.

Hellaren knip seg saman indst inne til eit trongt hol som delvis er attmura. Folk har lurt på kva som er innanfor opninga. Ei segn fortel om ein hund som for inn der, og han kom ut att Sjonghellaren på Valderøya. Men då var han ”årlaus”.

Også her som elles i regionen, kan historia om urkreftene i gamal tid som viser ein samanheng mellom hole, troll og jotner i fjell. Offer i hole/hellarar kjenner ein frå fleire andre stader. Særleg er smedkunsten knytt til dvergar i fjellet, med myter om at gjenstandar smidd under jorda hadde spesielle krefter. Kanskje var det nettopp desse kreftene nokon ville gjere seg til lags med, då den velbrukte kammen vart plassert i eit lite steinkammer i Rønstadhellaren. Eller det kan hende nokon rett og slett har gløymd han att der for 1800 – 1900 år sidan.



Beinkammen vart funnen av arkeologen Anders Lorange i 1878. Den låg ved ein eldstad , ”forsigtigt indstukket i et lidet mellom tre Stene dannet Rum” . Ved søre veggen, fann han også dyrebein, skjel og neverstykke. Gruva var laga som ein halvsirkel, mura av tre store og nokre mindre steinar. Framfor gruva låg der også delar av ein hestefot og to hestetenner samt bein av fuglar og fisk.

Rønstadhellaren har vore sommarfjøs for sau og geit, kanskje også kyr og hestar ,- like sidan folk budde på øya. Gjødsellaget på botnen har difor vore tjukt. Mykje av det vart ført bort med båt, og ein del har brunne. Lang tid tilbake har det vore vanleg at besøkande har lagt att visittkortet sitt ved å skrive namnet  sitt i fjellveggen inne i hellaren. Det har vore delte meiningar ved denne ”kulturen”. Nokon kallar det vandalisme medan andre kallar det kulturminne og tradisjon. Det har vore drøfta fleire gongar om metodar for å fjerne skriftene. Ein kan tydeleg sjå visittkortet som tyskarane la att under andre verdskrig. Det eldste trykket er frå 1825 og like under 1870. På grunn av forvitring er desse i ferd med å bli viska ut.

 

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media