Toolbar

Kulturstien

Sethshellaren

Sethshellaren  er den fyrste av fleire holer ein kjem til om ein går kulturstien frå Hellevika.  Han ligg ved den bratte fjellfoten, berre eit steinkast frå sjølve stien, men inngongen kan vere litt vanskeleg å få auge på då han er i motsett retning av ferdselen. Setshellaren er grove ut av sjø og is og er spanande å utforske. Det er ein av dei mørkaste hellarane på øya, og det oppstår eit spesielt lysfenomen på lyse dagar. Om ein tør seg inn, kan det vere vanskeleg å unngå at fantasien sett i gong tankar og

idear om mangt. Difor er det ikkje vanskeleg å skjøne at gamle segn fortel om jotnar, troll og dvergar med tilhald i fjellet. I dag meiner mange at hola i tidligare tider vart brukt til ly for buskapen til dei som hadde gardane sine i nærleiken.

 

Bo ved havet - Bo på Lepsøya

VI ER EIT TEAM SOM ARBEIDER FOR POSITIV UTVIKLING FOR MENNESKE OG MILJØ PÅ LEPSØYA

Ikke tilstrekkelig. Ønsker du mer informasjon? Følg oss i andre media